Dansk minifestival på Bergen Kjøtt
Det er tid for siste konsert i BIT20 Ensemble sin kritikarroste serie Norden.
Denne gangen står Danmark for tur.
Ny kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble, Bjarni Frímann Bjarnason, har nyleg flytta frå København til Bergen og har kuratert eit program som gir oss eit innblikk i dansk samtidsmusikk.
Den karismatiske islendingen som óg er dirigent for kvelden kuraterte forrige Nordenkonsert, då Island sto i sentrum. Konserten hausta pull pott med seks hjartar frå Bergens Tidende:
“Stjernedirigenten Bjarni Frímann Bjarnason var med å gjøre dette til en stor kveld.”
“Selv etter tre timer med ny musikk satte jeg personlig gåsehud-rekord”
BIT20 Ensemble si satsing, Nordenserien, såg dagens ljos i 2021. Idéen om å undersøka breidda og kvaliteten som eksisterar i nyare nordisk komposisjon kom frå dåverande kunstnarisk leiar, Trond Madsen. Noreg var første land ut, etterfulgt av Sverige, Finland og Island.
“BIT20 kan ikke få nok skryt for sin nordiske konsertserie. Tidligere konserter i serien har gitt minneverdige opplevelser og godt innblikk i hva som rører seg på samtidsmusikkfeltet både i Sverige og Finland.”
Det er deilig å vera dansk på Bergen Kjøtt og det vil vera mogleg å kjøpa forfriskningar i baren gjennom kvelden.
18:30
Dørene opnar
19:00
Christian Winther Christensen Festmusik
Per Nørgård Konge, Dame, Ess
PAUSE
20:00
Indra Rise Fanfare
Poul Ruders Carnival
Mette Nielsen Under vannspejlet
Line Tjørnhøj IR
Bli betre kjent med trombonist Grethe Westbø Tonheim, harpist Johannes Wik og kontrabassist Callum Jennings frå BIT20 Ensemble som er solistar under konsert #2.
PAUSE
21:00
Matias Vestergård Hansen Six Elegies
Rune Glerup Divertimento
Mette Nielsen Song I used to sing to the machines
Bjarni Frímann Bjarnason dirigent
BIT20 Ensemble
Foto: Thor Brødreskift