BIT20 Ensemble
Trerettars på Marinehagen

Trerettars på Marinehagen
Kom og nyt ein trerettars på Marinehagen når kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble, Bjarni Frímann, losar publikum gjennom ein ny minifestival.
Opplev BIT20 Ensemble i sitt rette element - i eit bygg langs kanalen som snart skal rivast. Ta på dine blå, semska sko og besøk Marinehagen medan det framleis står.
BIT20 Ensemble gjer det dei kan best - speler musikk du ikkje visste du kom til å lika.
Mellom slaga kan du nyta ein palette cleanser, før Elvis tek på seg drakta.
Me lovar dinner and a show – einaste kriterium er kvalitet.
“Middag med Godfrey” stiller med tamilsk trerettars til den nette sum av 200 kroner. Du kan velga om du vil kjøpa billett med eller utan mat.
Moyka & BIT20 Ensemble
Opplev den alternative popartisten og produsenten Moyka i ei uventa setting. Ho skildrar seg sjølv som ei norsk popheks og dei siste åra har ho vore synleg på klubbscenar i Europa. Denne kvelden gjer ho ei gjesteopptreden på konserten til BIT20 Ensemble.
Du vil og knyta kjennskap til komponistane William Byrd, Aphex Twin, Nico Muhly, Iannis Xenakis, Nina Fukuoma og fleire.
Bjarni Frímann Dirigent
BIT20 Ensemble
Moyka
Arena Marinehagen
Dato 31. oktober
Konsertstart 19:30/20:30/21:30
Det vert to pausar. Rekk du ikkje klokka 19:30, er du velkomen både klokka 20:30 og klokka 21:30