BIT20 Ensemble med gjester
Eva Pfitzenmaier, Banzha og Sakte, Fallende
TRERETTARS PÅ WERGELAND
BIT20 Ensemble disker opp til ein ny minifestival – denne gangen i NRK sine gamle lokaler på Wergeland Kulturarena.
På fjorårets minifestival fylte me Marinehagen med eit nydeleg publikum, god mat, musikk som både overraska og fekk oss til å le høgt. No gjer me det ein gang til – berre annleis.
BANZHA
Skjem bort sansane og nyt tre små, vegetariske retter servert av Banzha medan godaste Bjarni Frímann presenterer meir enn eit snes urpremierar framført av BIT20 Ensemble.
SAKTE, FALLENDE
Årets unge jazzmusikere og vinnarar av Jazzintro-prisen, kvartetten Sakte, Fallende beveger seg mellom ambient, hard støy, country og bossa. Dette skreiv musikkjournalist Audun Vinger etter konsert med jazzkvartetten: “Sakte, Fallende har et lekkert og medrivende sound som fikk ekstatisk mottakelse. Dette er et band jeg vil anbefale mange å booke.” Denne kvelden leiker dei seg på scena saman med BIT20 Ensemble.
“Litt drøyt å kalle dem en sensasjon, men det var sannelig ikke langt unna.”
Audun Vinger om Sakte, Fallende
EVA PFITZENMAIER OG SIGURD FISCHER OLSEN
Eva Pfitzenmaier og Sigurd Fischer Olsen har skrive eit nytt verk for akkurat denne kvelden. På scena står Eva Pfitzenmaier og BIT20 Ensemble.
AVGARDE
I år fyller Avgarde 20 år og me feirar dei med ein serie 2-minutts miniatyrverk frå komponistar på Vestlandet. Det vert store idear, pakka inn i små verk, framført av BIT20 Ensemble.
PÅ SCENA
Bjarni Frímann dirigent
BIT20 Ensemble
Sakte, Fallende
Eva Pfitzenmaier
Kokk Banzha
Banzha serverer noko å bita i frå Yunnan-provinsen i sørvest-Kina. Det er mogleg å kjøpa mat i døra, men me vert ekstra glad om dykk kjøper på førehand.
Champagneentusiast og frontfigur i DATAROCK, Fredrik Saroea, er kveldens mann bak baren og kan freiste med bobler og anna brusande lesk.