page view image

BIT20 Ensemble med gjester

Trerettars på Wergeland

Informasjon
event image

Ny minifestival!

BIT20 Ensemble disker opp til ein ny minifestival – denne gangen i NRK sine gamle lokaler på Wergeland Kulturarena.

På fjorårets minifestival fylte me Marinehagen med eit nydeleg publikum, god mat, musikk som både overraska og fekk oss til å le høgt. No gjer me det ein gang til – berre annleis.


Skjem bort sansane og nyt eit betre måltid medan godaste Bjarni Frímann presenterer meir enn eit snes urpremierar framført av BIT20 Ensemble.

Me har invitert bursdagsjubilant Avgarde som skal feirast, samt nokre fleire me ikkje vil røpa heilt enno...

I anledning Avgarde sin 20 års eksistens har dei invitert komponistar på Vestlandet til å skriva musikalske bursdagskort i form av miniatyrverk på 2 minuttar. Desse vert spelt av BIT20 Ensemble på Trerettars på Wergeland.

Me får óg høyra eit nytt verk av Eva Pfitzenmaier og Sigurd Fischer Olsen!

Bjarni Frímann dirigent
BIT20 Ensemble
Gjester TBA

Kvelds og kokk TBA 

Det vert moglegheiter for å kjøpa mat. Eigne matbillettar kjem snart.