BIT20 Ensemble minifestival

Trerettars på Marinehagen med Moyka og Middag med Godfrey

page view image
Event date

Friday 31 Oct 2025 19:30

Ends Friday 31 Oct 2025 22:30
order

If you have a promo code apply here

Available items

Ordinær
BT Fordel
Student
Ordinær med trerettars
BT Fordel med trerettars
Student med trerettars
Denne billetten gir kun tilgang mat og er retta mot studentar
event image

Event information

Trerettars på Marinehagen

Kom og nyt ein trerettars på Marinehagen når kunstnarisk leiar for BIT20 Ensemble, Bjarni Frímann, losar publikum gjennom ein ny minifestival. 

Opplev BIT20 Ensemble i sitt rette element - i eit bygg langs kanalen som snart skal rivast. Ta på dine blå, semska sko og besøk Marinehagen medan det framleis står.

BIT20 Ensemble gjer det dei kan best - speler musikk du ikkje visste du kom til å lika. 

Mellom slaga kan du nyta ein palette cleanser, før Elvis tek på seg drakta.

Me lovar dinner and a show – einaste kriterium er kvalitet.

“Middag med Godfrey” stiller med tamilsk trerettars til den nette sum av 200 kroner. Du kan velga om du vil kjøpa billett med eller utan mat. 

Moyka & BIT20 Ensemble

Opplev den alternative popartisten og produsenten Moyka i ei uventa setting. Ho skildrar seg sjølv som ei norsk popheks og dei siste åra har ho vore synleg på klubbscenar i Europa. Denne kvelden gjer ho ei gjesteopptreden på konserten til BIT20 Ensemble.

Du vil og knyta kjennskap til komponistane William Byrd, Aphex Twin, Nico Muhly, Iannis Xenakis, Nina Fukuoka og fleire.

Bjarni Frímann Dirigent
BIT20 Ensemble
Moyka

Arena Marinehagen
Dato 31. oktober
Konsertstart 19:30

Det vert to pausar. Rekk du ikkje klokka 19:30, er du velkomen både klokka 20:30 og klokka 21:30

Organizer
BIT20 Ensemble